Representant

Tove Nygård

Tove Nygård

Tove er kommunestyremedlem og medlem i planutvalet. Ho bur på Skodje, er 52 år, samboer og har 2 born, 3 bonusborn og er bonusbestemor til 5 nydelege jenter. Ho jobbar med markedsføring og sal i byggebransjen. Det er viktig at alle har lik rett til utdanning, helsetenester og kulturopplevingar uavhengig av bakgrunn og økonomi. Ho jobbar for at skilnadene mellom folk blir mindre, og at godene vi har blir rettferdig fordelt.
Tove brenn for at frivillige lag og organisasjonar skal få gode vilkår og for at samspelet mellom kommunen og frivilligheita skal vere best mogleg. Den frivillige innsatsen i kommuen vår er ein fantastisk ressurs, og den blir viktigare og viktigare å ta vare på. Som tidlegare korpsmamma og no frivillig i mellom anna FjordCadenza har ho erfart kor viktig dette arbeidet er.
Ei anna viktig sak er eit rettferdig og trygt arbeidsliv. Gode vilkår og tilrettelagt arbeid gjer at fleire kan bidra til samfunnet. Vi treng at fleire klarer å stå lenger i arbeid i framtida og vi må legge betre til rette for dette, for eksempel i helsevesenet, skulane og barnehagane.