Bypakken på tre minutt
Det er mange versjonar ute og går, ikkje minst på sosiale medier, om kva som eigentleg blei vedteke om bypakken i bystyret sist torsdag, 6. juni. Her kjem eit forsøk på å gi ein kortversjon av bypakken, kva innbyggjarane får, kva det kostar og når bypakken kan komme i gang. Etter tiår med utgreiing og ulike forslag, er vi langt på overtid i forhold til å ta avgjerdsler. Det var nødvendig for dagens bystyre å lande på eit vedtak, slik at saka kan gå vidare.På grunn av klare åtvaringar frå samferdselsministeren er dessverrebåde Brosundtunnel og Blindheimstunnel teken ut av bypakken i denne omgang.
Ein grøn pakke som bidrar til klimamåla Stortinget har vedtatt nullvekstmålet. Det betyr at all auke i persontrafikk skal takast med kollektiv, gange og sykkel. Bypakken i Ålesund har no fått ein tydelig kollektivprofil og eit stort spekter av tiltak som vil få positive ringverknader, også for heile regionen. Bypakken som er vedtatt er den «grønaste» pakken vi har behandla. Vi vil legge til rette for at flest muleg kan ta kollektivtransport til jobb, skule og fritidsaktivitetar. Slik blir det også bedre plass til dei som treng å bruke bil til persontrafikk og varefrakt.
Tunnell under Lerstadveien Endeleg skal gjennomgangstrafikken på Lerstad bli lagt under jorda i ein lang tunell frå Moa. Tunellen skal ha ekspresskollektivfelt, mens resten av kollektiv, gange og sykkel på skal vere på bakkeplan. Dette er det desidert største tiltaket i bypakken på nesten 2 milliardar. Lerstad vil omsider bli ein grønare bydel der bustadområda vert bunde tettare saman, og ein super bydel for barn og vaksne som vil sykle.
Kollektivfelt – bussen skal fram! Kollektivtiltaka skal gjennomførast tidleg i byggeperioden. Det er mellom anna lagt inn 25 mill. til ny veg Hessafjordvegen – Slinningen og 25 mill. for å sikre at bussen kjem raskare fram mellom Volsdalen og sentrum. Bystyret har tidlegare behandla rapporten «Prioritert buss» som foreslår ei heil rekke signalanlegg og strekningar med kollektivfelt lang busstraseen frå sentrum til Emblem for å hjelpe bussen raskare fram enn bilane. Bystyret vil at alle desse tiltaka blir finansiert i bypakken (ca. 200 mill.).Vi vil aktivt arbeide for å få reduserte billettprisar på buss i og rundt Ålesund kommune, noko som vil stimulere til meir bruk.
Bussknutepunkt For å få ein effektiv kollektivtrafikk, må vi lage smidige løysingar på dei viktigaste kollektivknutepunkta. Bypakken legg til rette for å sanere busshaldeplassen i sentrum slik at vi kan starte utbygginga av sørsida. Bussane vil få moderne haldeplassar i Korsegata og i Keiser Wilhelmsgate. Det kjem ei ny bru over Brosundet rett vest for Terminalen med ei ny gate vestover til Waterfront hotel. Langs vannspeilet i Brosundet er det planlagt gangveg under bruene. Det er som kjent i dette området Kulturhavna er teikna inn – med den nye vidaregåande skulen, lokaler for « Barneteateret Vårt» og ny kulturskule. Utviklinga av sørsida i Ålesund står i fare for å stoppe heilt opp om vi ikkje no kjem i gang med bypakken.
Campus, sjukehuset og MoaI bypakken ligg det inne 200 mill. til nytt kollektivknutepunkt mellom NMK og NTNU og tilknytning frå innfartsvegen til Campus. Det blir også ei eiga busslomme på innfartsvegen der ekspressbussane kan stoppe.Ved Ålesund sjukehus kjem også eit heilt nytt kollektivknutepunkt ved lyskrysset på Borgundvegen, slik at bussen ikkje brukar tid på å køyre ned. Det vert eiga trapp og heis frå haldeplassen til hovudinngangen på sjukehuset, som etter ombygging vil vende mot nord.
På Moa har kommunen allereie bevilga midlar til ein snarveg frå Lerstadvegen og opp til Moa-terminalen for at bussane ikkje skal stå i bilkøen.
Trafikksikring Gang og sykkelvegar rundt fleire skular skal sikrast. Barn skal ha ein trygg skoleveg. Dette ligg inne som prioriterte tiltak i pakken:• 19 mill. til trafikksikring ved Hessa skole• 20 mill. til undergang på Bjørge, Ellingsøya,• 15 mill til gangfelt på Myrlandsvegen på Blindheim,• 2,7 mill til skulveg ved Aspøy skole,• 3 mill. til gangveg på nordsida av Borgundvegen ved Hatlane skule Det trafikkfarlige krysset i Puskhola vert sanert med ei større vegomlegging sør for Hatlehol gravstad, og rundkøyring ved Blindheimshallen. Det er satt av 290 mill. til dette som også får på plass samanhengande sykkelvei frå Flisnes til Blindheim. I tillegg er det avsett midlar til påkøyringsrampe i krysset E 39/Myrland.
Trygge sykkelvegar Bypakken vil gjere det enklare og tryggare å sykle i Ålesund. Vi har ei lang sykkelvegliste som vi kan begynne på når bypakken er godkjend i alle organ. Dette kjem heile kommunen til gode. Det er avsett:• 10 mill. til oppgradering av eksisterande sykkelvegnett• 60 mill. til sykkelvegfelt Borgundvegen, Volsdalen til sentrum• 10 mill. til sykkelvegfelt frå Tonningsgate til Steinvågbrua i Skarbøvika• Fleire mill. til samanhengande sykkelvegar frå Flisnes til Blindheim
Prislappen Det er berekna ein bompengesats på ca. 16 kr. for personbilar som har elektronisk brikke (inkl 20% rabatt), og eit månadstak på maksimum 60 passeringar per kalendermånad – altså i underkant av 1000 kroner pr. månad. Innan ein klokketime betaler bilen berre for ei bompassering uavhengig av kor mange bommar bilen faktisk passerer. Det er ikkje rushtidsavgift. Denne bypakken vil ta 10 - 11år å nedbetale.Med ei større statlig finansiering ville det blitt mindre for innbyggarane å betale. Den statlege medfinansieringa er det Stortinget som bestemmer. Det er tre bomsnitt i den vedtekne bypakken: Moa, Lerstad og Volsdalen. Det vert «tette» snitt, slik at kvart bomsnitt har fleire bommar.
Ein bypakke å bygge vidare på I årevis har vi diskutert samferdselsproblema i Ålesund. I mellomtida har transportutfordringane blitt større og større. No er vi endeleg på veg frå prat til handling. Med eit positivt vedtak i fylkesting og Storting har vi håp om å sette spada i jorda våren 2021.
Eva Vinje Aurdal, ordførarSvein Rune Johannessen (Ap)Tore Johan Øvstebø (KrF)Jarle Hauge Steffensen (MDG)Anders Lindbeck (SV)